LogoS kKontaktNettstedetMeld deg innUtdanningsforbundetBarnehageGrunnskoleVidereg endeH gskole/universitet/kompetansesenterSkoleledere
Forside...
Original dokument  Skriv ut
45 000 mot KS
- Eg er ingen tilhengar av å offentleggjere karakterar. Men i dag vil eg gjere eit unntak. Vi snakkar om ein elev som ingen i utdannings-Noreg har meint var kvalifisert til oppgåva. Eleven heiter KS. I år heiter prøven tariff 2004. I dette oppgjeret har KS gjort seg fortent til stryk! Det sa Helga Hjetland foran 17 til 18 000 mennesker på Youngstorget.
 
Kl 1700 begynte Youngstorget i Oslo å fylle seg til tung bluesmusikk fra bandet Overall. Og snart var det medlemmer av Utdanningsforbundet overalt, til sammen trolig like mange som 6. februar i fjor. Samtidig ble det holdt liknende møter i 18 andre byer i hele Norge. Totalt var det ca 45 000 deltakere i alle arrangementene.
 
På Youngstorget i Oslo holdt også Anders Folkestad fra UHO, Gro Standnes fra SL og Live Braathen Ellingsen fra Pedagogstudentene appeller
 
 
Her følger hele Helga Hjetlands appell med innlagte bilder fra torgmøtet.

Fagforeiningsvener!

 
Eg er, som de veit, ingen tilhengar av å offentleggjere karakterar. Men i dag vil eg gjere eit unntak - for ein elev.  Vi snakkar om ein elev som ingen i heile utdannings-Noreg har meint var kvalifisert til oppgåva. Men som likevel, i meir enn tjue år, har masa om å få ta denne prøven. Eleven heiter KS. I år heiter prøven tariff 2004.
 
I dette oppgjeret, folkens, har KS gjort seg fortent til stryk!
 
Eg trur eg kan leggje til at vi er samrøystes. Denne karakteren er gitt utan dissens!
 
Det leiinga i KS ikkje vil seie høgt, kan vi lese i Dagens Næringsliv.
"Varsel om eit ran" var overskrifta dei nytta då dei skreiv om siste tilbodet frå KS.
 
  • KS vil rane oss for faglege rettar og framtidig lønnsutvikling.
  • KS vil rane streikeretten frå barnehagestyrarar og skuleleiarar.
  • KS vil rane oss for sentrale avtalar, ta frå oss kompetanselønnssystemet, tvinge på oss lokale forhandlingar og la låglønte slåss mot kvarandre om lønnsmidla i den einskilde kommune.
 
Dette handlar ikkje om eitt ran. Det handlar om ei ransbølgje.
 
Slutt rekkjene, folkens! Det er tid for samhald. KS har nemleg nokre ivrige hjelparar, som no trur det er fritt fram.
 
I Sørum kommune vil skulesjefen og ordføraren kneble skuleleiarane.
Rektorane har fått skriftleg beskjed om å halde seg heime den dagen deira eigen fagforeining er i gatene for å protestere mot at kommunale leiarar står i fare for å miste både sentrale tillegg og streikerett. Dette er å trampe på ytringsfridomen!
 
Men det er òg eit signal. Rektorane er "våre", seier KS.
Dette er eit forvarsel om kva vi har i vente. Og som gjeld oss alle. Dette kan råke alle leiarar i barnehage og skule. Det kan, i neste omgang, bli eit trugsmål mot alle førskulelærarar og lærarar.
 
Vi ser ein arbeidsgjevar som er utan magemål i sin appetitt på disiplin frå dei tilsette. Og som svever i den villfaringa at dei har rett til å instruere sine mellomleiarar i høve til deltaking i ein demonstrasjon på kveldstid.
 
Dette skjer overfor rektorar, altså dei øvste leiarane for den offentlege skulen. Desse leiarane skal vere førebilete i institusjonar som skal fremje demokratiske verdiar og ideal. Skulen skal syte for at elevane utviklar seg til engasjerte, kritiske og sjølvstendige samfunnsborgarar. Det skal den fordi vi, gjennom bitter røynsle, har lært kor gale det kan gå om vi ikkje satsar på desse verdiane.
 
Det skulesjefen har gjort er eit grovt angrep på ytringsfridomen, ja - på heile demokratiet!
 
Skulesjefen og ordføraren i Sørum fortener kontant svar på dette overtrampet. Vi må aldri, aldri tillate at dei vinn fram!
 
Eg er stolt og imponert når eg ser utover dette folkehavet. Og det som gler meg heilt spesielt, er at det - ute blant dykk - også står nokre skuleleiarar frå Sørum!
 
For to timar sidan fekk eg ein e-post frå Nordland. I går sende fylkesutdanningssjefen der ei melding til alle sine rektorar med nett den same beskjeden som dei sist veke fekk i Sørum. No er det alvor!
Utdanningsforbundet kjempar i dette tariffoppgjeret ikkje berre for avtalar og løn. Dette er no blitt ein kamp om heilt grunnleggjande demokratiske rettar. Arrogante og historielause toppsjefar skal få merke at her går grensa. Dei trudde kanskje at dei skulle vinne underdanig respekt. Slik blir det ikkje. Dei skal hauste storm!
 
Skuleverket er problemet, seier KS. Nei, skuleverket er ikkje problemet.Det er KS som er problemet. KS vil fjerne alle dei ordningane og alle dei avtalene vi har hatt med staten.
KS vil tvinge på oss eit tariffsystem der meir og meir skal avgjerast i lokale forhandlingar.
Det er det som er problemet.
 
Vi har òg ein bodskap til regjeringa i dag:
I samband med overføringa av forhandlingsansvaret skreiv statsministeren at dette skulle skje på eit vis som sikra at "undervisningspersonalets særegenhet og rettigheter ble ivaretatt".                                                                     
 
Det har ikkje skjedd.                                                                         
 
Vi har møtt ein motpart utan respekt for særegenhet og utan respekt for rettar. Vi krev at handling no må følgje ord.               
Det er på høg tid at regjeringa gjer det klart at KS hittil i dette oppgjeret har brote fullstendig med føresetnadene for overføringa.
 
Kjære meddemonstrantar!
Vi, som driv med utdanning, veit at når det har gått skeis for nokon, kan det vere klokt å gi dei ein sjanse til å rette opp att prestasjonane sine.
 
KS skal få ein sjanse.
 
Munnleg del av prøva blir avslutta med sensur om litt meir enn to veker.
Den delen heiter mekling. Gir ein dei rette svara der, er det faktisk mogleg å snakka seg kraftig opp.
 
KS treng ikkje leite etter svara. Dei veit kva vi krev. Det kjem berre til å stå på viljen.
 
 
Den skal visstnok vere god, om vi skal tru KS-leiaren.  Halvdan Skard sa for eit par år sidan til oss at vi ikkje hadde noko å frykte, "lærerorganisasjonene skal ikke gjøre knefall for KS!»
 
Ver trygg, Halvdan Skard. Vi - gjer - ikkje - knefall - for - KS! Viss ikkje KS vil ivareta våre «rettigheter» og vår «særegenhet», skal vi gjere det sjølve - med all vår kraft og med alle lovlege middel. Er de med, folkens?
 
Godt å høyre!
Eg kan fortelje dykk at nett no ljomar det same svaret frå titusenvis av våre medlemmar over heile landet.
Utdanningsforbundet er klar til kamp!
 

 

 


Siste nyheter
Utdannings trykkeri i streik  (13.05.04)
45 000 mot KS  (12.05.04)
Etterbetaling på statsbudsjettet  (12.05.04)
Opplev våren i Hardanger  (12.05.04)
Nytt jerngrep på kommunesektoren  (11.05.04)
Mot KS over hele landet  (11.05.04)
Pensjonistene støtter demonstrasjonen  (11.05.04)
Pedagogisk entreprenørskap  (11.05.04)
Er du korrekt registrert?
Er du korrekt registrert i Utdanningsforbundets medlemsregister? For sikkerhets skyld, ta en sjekk nå. Logg deg inn via menyen på forsiden. Du finner videre orientering om påloggingen der.
Les mer..
Meld deg inn!
Som medlem i Utdanningsforbundet har du rett til å få bistand i saker som er knyttet til stilling og/eller lønns- og arbeidsvilkår. Du vil også motta medlemsblad og annen informasjon, samt ha rett til å være med i organisasjonens forsikringsordninger og andre medlemstilbud.
Les mer..
Titusner mot KS


Webmaster
UTDANNINGSFORBUNDET
PB 9191 - Grønland, 0134 Oslo
Tlf 24 14 20 00 - faks 24 14 21 00
post@utdanningsforbundet.no
Nyhetsbrev